Gammel kommode med en skuff ute
– Vi bør tenke på livet som ein skuffeseksjon kor det er ulike skuffer, og det treng ikkje vere den vonde skuffa som er ute heile tida. Foto: Wirestock/Dreamstime.com

Tankar – Sjela si inste kommodeskuff

I dei seine nattetimar lirkar ofte sjela si inste kommodeskuff seg litt på gløtt, og framtidsfrykta slepp til. Det kan væra lurt å opne den ein gong i blant, så ein får rydda litt i tankane som ligg i den tyngste skuffa.

For litt sidan hjalp eg min over nitti år gamle onkel med å rydde litt i gangen,  berre så førsteinntrykket skulle sjå litt betre ut. At skuffene i gangkommoden er fulle til randen av mange års oppsamling av ting og tang, veit berre dei som opnar dei.

Skuffer, som det er lenge sidan nokon har opna, sit gjerne ganske så fast. Så det trengst både styrke og kraft for å opne dei. I slike gamle kommodeskuffer finn ein gjerne alt frå utgåtte batteri, lause skruar, maskeringstape, lommelykt, vekkarklokke, taustumpar, små hugselappar, refleksar, isbroddar, medisin, verktøy, einslege hanskar m.m. Ei slags oppsummering på levd liv. 

Folk som lever med ein revmatisk sjukdom kjenner ofte på at batteriet er tomt, at det er henta fram frå den gamle skuffa. Dei merker at noko i kroppen kjennes ute av stille, eller er for stivt. Ute blant folk skjuler ein gjerne korleis ein eigentleg har det. Ofte må det lysast med lys og lykter for å finne svar. Alarmen går når det går på stumpane laust. Då er det vanskeleg å huske alt ein bør huske på. Ein slit med å bli sett og høyrt. Smertene gjer at ein må bevege seg forsiktig, og ein kan ofte kjenne seg einsam med sjukdomen. Tunge tankar gøymt i sjela si inste kommodeskuff. Då er det godt at det finst medisin og ulike verktøy som kan hjelpe ein med å leve eit så godt liv som mogleg. 

Det er gjerne om natta dei mørke tankane kjem, når eg ein sjeldan gong opnar denne mørke og tunge kommodeskuffa. Som regel får desse tankane ikkje sleppe til, men ein sjeldan gong trengjer dei seg på. Dei både skremmer og gjer meg trist på same tid. Då kjem alvoret over meg. Kor alvorleg skada kroppen min faktisk er blitt av Bekhterevs sjukdom (ankyloserende spondylitt), som har herja og satt sine tydelege spor i kroppen min i snart 40 år no. Framtidsfrykta. 

Ung kvinne sitter i vinduskarm og ser tenkende utover
Det er uunngåeleg å innimellom ikkje lure på korleis livet hadde vore utan sjukdomen. Illustrasjonsfoto: Abbat1/Pixabay.com

Det er uunngåeleg å innimellom ikkje lure på korleis livet mitt hadde vore utan sjukdomen. Då tenker eg gjerne at livet hadde vore så mykje betre utan. At eg hadde lukkast betre med mange sider av livet utan desse plagene frå musklar og skjelett. Ikkje at eg har noko garanti eller bevis på at det hadde vore slik, men når dei mørke tankane ein sjeldan gong dukkar opp i mørke natta, ja så er det ikkje dei positive tankane som dominerer, og ein tenker ikkje så klart. Då er det lett å bli både sjølvmedlidande, småtrist og tårevåt. Då er det lett å tenke på kor glad og uredd eg hadde rent på ski ned dei brattaste fjellsidene. Kor mjukt eg hadde gjort dei mest utfordrande yogaøvingane, og kor smidig eg hadde klatra til topps i dei høgste klatreveggane. Kanskje vore mamma til fleire? Kanskje framleis hatt ein kjærast? Gjort karriere? Studert meir? Hadde det berre ikkje vore for denne helsikes bekhtereven.

Kor lett er det ikkje å skulde på noko eller nokon når livet er vanskeleg? Som til dømes ein bekhterevsjukdom. Innimellom trur eg vi alle treng noko å skulde på, men så er det også opp til oss sjølve å gjere det beste ut av vår eigen situasjon. Uavhengig av om årsaka er sjølvforskyldt eller ei. Litt sjølvrefleksjon kan heller aldri skade. Med tida til hjelp klarer ein gjerne å sjå at alt det negative ikkje berre er til dømes bekhtereven si skuld, men like gjerne manglande mot og si eiga frykt for noko. Alle blir til dømes stivare med åra, og dermed også reddare for å dette i skibakken. Det er heilt normalt det. Samlivsbrot er dessverre også veldig vanleg i dagens samfunn. Både med og utan ein kronisk sjukdom. 

Eg tørker tårene, skyv inn den tunge skuffa for denne gong, og konkluderer med at mykje trasig kunne ha skjedd meg sjølv utan denne kroniske sjukdomen. Livet blir ikkje alltid som ein drøymer om, og det dukkar ofte opp nye gleder og fine ting som ein ikkje tenkte på i utgangspunktet. Det er ein del av livet det. Men innimellom er det viktig å ta innover seg, og sleppe til, også dei mørke tankane og alvoret. Såleis får iallfall eg letta litt på trykket, før eg går tilbake til ein meir positiv prega tankegong. 

Eg har no det veldig bra trass alt, og har mykje å vere takksam for. Dei siste dagane med krigsutbrotet i Ukraina har vore nok ei smerteleg påminning på det. Opp igjennom åra har eg ofte tenkt på kor heldig eg er som bur i eit fredfylt land med tilgang på gode medisinar og fysikalsk behandling. Livet mitt hadde sett svært annleis ut utan. I desse dagar har desse tankane kome hyppigare, og eg er blant anna svært takksam for å kunne sove utstrekt i ei varm og god seng. At eg ikkje må sitje livredd og samankropen natt etter natt, utan nødvendig medisin, i eit kaldt tilfluktsrom. Det er alltid mange som har det så mykje verre. Eg kan lukke skuffa til dei mørke tankane, så snart eg har fått rydda litt i tankane som ligg i den tunge skuffa.

Filosofen Henrik Syse seier i podkasten Familieliv at vi bør tenke på livet meir som ein kommode, og ikkje som eit skap med alt tilgjengeleg bak døra. At vi bør tenke på livet som ein skuffeseksjon kor det er ulike skuffer, og det treng ikkje vere den vonde skuffa som er ute heile tida. Det er både lov og fint å leite etter det som er godt, samtidig som vi kan snakke om det som er vondt. Dersom vi lever livet som eit skap, blir alt synleg kvar gang vi opnar døra. Det tunge og mørke er alltid synleg. I eit kommodeliv går det an å skyve inn det som er tungt, sjølv om vi veit at vi ein gong må trekke det ut igjen. Dette gir oss høve til å trekke ut skuffene med godt i, og få glede og lys av det som er i desse. Etter nokre lange år med pandemi, etterfølgt av ein hjarteskjerande krig i Ukraina, så treng vi kanskje å trekke fram skuffene med dette lyset ekstra mykje no. Måtte det bli fred for alle. 

LES FLERE TANKER OM LIVET MED KRONISK SYKDOM HER

Denne Tanker-spalten er hentet fra Spafo Norges medlemsblad Spondylitten nr 3 i 2022. Det er kun noen av artiklene våre som legges ut på nett.

Dersom du vil lese alle artikler kan du melde deg inn i Spafo Norge via denne lenken. Da får du også tilgang på tidligere utgivelser av Spondylitten i vårt digitale arkiv.

Kanskje du også liker disse: