Tankar – Jakta på den perfekte energibalansen
Korleis takle ein ny kvardag, der hovudet vil meir enn kroppen orkar? Det er vanskeleg å seie nei til noko når vilja og lysta er til stades. Om ein då attpåtil er av typen som er redd for å gå glipp av noko, ein såkalla FOMO –Fear Of Missing Out – ja då slit ein big time, skriv Margrethe i denne Tankar-spalta.
Det er vanskeleg å setje ord på fatigue, men hos meg kjennes det ut som eit tungt slør har lagt seg over kroppen. Som om eg er innhylla i eit gjennomsiktig vektpledd. Eit vektpledd som kan vere vanskeleg å forstå for familie, vener og kollegaer. Fatiguen er, som ved usynleg sjukdom, noko folk flest ikkje ser. Alt blir liksom litt tyngre. Rørslene, vilja, lysta, samvitet, humøret, kroppsverken, konsentrasjonen, interessa, språket, sjølvkjensla – og enda til tankane. Hovudet kjennes tyngre og varmare, utan at det nødvendigvis verker. Ein kjenner seg kraftlaus og tappa for energi. Lufta er gått heilt ut av ballongen.
Ikkje berre skuffar ein andre, men også seg sjølv. Mi indre stemme går på repeat: «Jammen, du er no så sterk og positiv. Dette klarer du no! Du må ikkje skuffe folk! Det er ikkje likt deg å seie nei.»
Nei, dette er ikkje likt meg. Eg likar å vere på tilbodssida, men når livet krasjlandar blir ein tvungen til å legge om kursen og reparere skadane. Så får eg berre håpe at den lave energien berre gjer seg gjeldande i ei avgrensa periode, og at eg ein vakker dag blir heilt meg sjølv igjen. Det er viktig å ha trua!
LES OGSÅ: Tankar – Sjela si inste kommodeskuff
Før ny sjukdom ramma var eg heldig og hadde energi til det eg ville. Dette til trass for mange år med ankyloserende spondylitt (Bekhterevs sjukdom). No kjenner eg for fyrste gong på frykta for om eg til dømes vil klare å halde ut ein kveld på byen med vener. Hallo, dette er dama med KLS liksom! Kronisk Laken Skrekk! No er situasjonen snudd på hovudet. Eg er kanskje meir redd for å ikkje nå lakenet innan eg går heilt tom for batteri, enn å ikkje vere den siste som går. Redd for å avsløre for heile verda at eg ikkje lenger er den sprudlande og gøyale jenta.
Krise! Eg har trass alt eit visst image å oppretthalde. Sjølv ein Battery-drink hjelp neppe mot dette, i alle fall ikkje dagen deretter. Uansett, eg håper eg ikkje blir heilt JOMO – Joy Of Missing Out. Eg betalar gjerne prisen det kostar for ein energigivande kveld med gode vener, men no krev dette meir planlegging. Eg har mykje moro å ta igjen, så eg berre håper eg klarer å finne ein god balanse. Heldigvis er eg glad i å tileigne meg ny kunnskap, og no er det eit nytt kapittel i livet sin skule som skal studerast.
I vår deltok eg på eit kurs i kognitivt åtferdsterapi. Der lærte eg at ein skal snakke til seg sjølv slik ein ville ha snakka til sin beste ven. Sjølvomsorg er ekstra viktig ved alvorleg sjukdom, som kreft er. Så no øver eg meg på å korrigere mi indre stemme til å seie: «Det er heilt naturleg at du er sliten no. Det er lov å seie nei. Du må ta vare på deg sjølv, og ta tida til hjelp. Det er ikkje forventa at du skal jobbe 100 prosent no. Du treng tid til å både trene, restituere og sosialisere deg innimellom slaga. Ja, det er faktisk heilt naturleg å vere litt ekstra sårbar, og ikkje vere fullt så positiv og sprudlande i ei slik rehabiliteringsfase.»
Toleevna ovanfor andre sine problem og bekymringar blir også kraftig redusert med fatigue. Ein har meir enn nok med seg sjølv. Det er vanskeleg nok å skulle balansere eigen energi, om ein ikkje i tillegg skal bruke den sårt opparbeida energien sin på andre.
Ein bygg gjerne ein mur rundt seg, og framstår kanskje mindre empatisk og lyttande enn før. Noko som også er vanskeleg, og gir ein ytterlegare dårleg samvit. Det er berre så frustrerande når ein kvar dag planlegg og prioriterer nøye alt ein gjer, og ikkje gjer, for så å bli heilt utmatta av eksterne og uventa problem. Livet byr på gode og dårlege overraskingar, og det lisje ein har kontroll på får ein vakte som best ein kan.
Lita tue kan velte stort lass. Det blir som sikkerheitsrutinane ombord i eit fly, der kabinpersonalet instruerar oss i å ta på oksygenmaska på oss sjølv før vi hjelp andre. Ein klarer ikkje å hjelpe andre om ein ikkje først tek vare på seg sjølv.
Eg har investert i ei sportsklokke som gir meg oppdateringar om energinivået mitt gjennom dagen. I dag er det tungt å reise seg opp frå sofaen, og klokka stadfestar nok ein gong at kroppsbatteriet er på det lavaste nivået. Kroppen treng lading. Dei velmeinande råda frå ho har gått på repeat det siste året.
«Body Battery-nivåene dine ble nesten helt tømt. Få mer hvile etter dager som dette, og ta det det litt roligere for å unngå å bli helt utmattet.»
«Planlegg litt hviletid og lad batteriene.»
«Det er noen ganger uunngåelig, men mange dager som dette på rad kan gjøre deg utmattet. Pass på at du får nok søvn etter dager som dette.»
Det tidlegare forventa overskotet glimrar med sitt fråver. Kroppsbatteriet mitt er sjeldan høgare enn 75 av 100 prosent når eg vaknar, og som oftast på det lågaste ved kveldens slutt. Det å få helsekontoen i pluss kan vere like utfordrande som å spare i dyrtid, men innsatsen ein legg ned gir god avkastning. Set ein meir inn på kontoen enn ein brukar, så har ein meir å gå på. Så enkelt, men samtidig så vanskeleg!
På lik linje med fysisk og mental trening, er energi også ferskvare. Det krev vedlikehald, planlegging, innsikt i eige liv om kva som ladar og tappar ein, og alt dette må stadig repeterast. Det er ein jobb i seg sjølv å balansere energien. Nye vaner må lokkast ned trappa, eitt trinn av gongen. Slikt tek tid, og ein må som regel halde ut i minst seks veker før nye mentale banar er blitt til vanar.
Ein kjem langt med god nattesøvn, men det er langt frå nok. Dagen må gjerne vere ei god blanding av aktivitet og kvile. «To do»-lista er full. Den viser at hovudet ville så mykje meir då lista blei laga, enn eg faktisk maktar når oppgåvene skal utførast. Før kryssa eg kronologisk av det meste på listene mine, men no har eg lært meg å flytte dei mindre viktige oppgåvene fram i tid etter energinivå, og det utan å gi meg sjølv dårleg samvit.
Ein som diggar fatiguen min er katten. Han kjem og legg seg på fanget mitt så snart eg set meg i kvileposisjon i sofaen. I sofahjørnet har eg sete mykje det siste året. Katten har bidrege med mykje god pelsterapi, og på kurset i vår laga eg meg ein handlingsregel om å puste djupt kvar gong katten legg seg på fanget. Så det har blitt mange gode mikropauser med inn- og utpust til godlyden av katten si maling.
LES OGSÅ: Fra barn til voksen med juvenil SpA
Eit anna kjekt uttrykk eg lærte på kurset var «det positive nei». Då blir det ikkje så negativt å seie nei allikavel. Det positive NEI er eit JA til noko djupare. Ved å seie nei, og ved å setje ei grense, så seier ein i realiteten ja til noko som er viktigare, eller djupare for ein sjølv. Uttrykket er forklart godt i en artikkel på kognitiv.no, av psykologene Torkil Berge og Ingrid Hyldmo fra Diakonhjemmet sykehus.
Ordet ‘Nei’ er vanskeleg å seie, men det er faktisk ei fullstendig setning, sjølv utan grunngiving. Vi skuldar ingen ei ytterlegare forklaring, men vi har ein tendens til å ville gi ei. I den samanheng lærte eg at det då kan vere nyttig å lage seg eit fast svar. Det kan til dømes vere:
«Eg skjønar at du ynskjer at eg skal gjere slik og sånn, men eg må seie eit positivt nei til dette for å klare noko anna.»
Då både ser og respekterer ein den som spør, og forhåpentlegvis får ein forståing og respekt tilbake. Det er god og føremålstenleg sjølvhevding i det å kunne stå for noko sjølv, be andre om hjelp der det trengs og reagere på andre sine handlingar.
Klokka er snart fire på ettermiddagen og eg føler meg overraskande pigg. Eg tek på meg treningskleda og tek eit kjapt blikk på sportsklokka.
«Body Battery verdien er den samme som da du våknet. Du har fremdeles rikelig med energi. Du bør ha nok energi til å vare ut dagen.»
Yes! Dette blir ei bra trening.
Vel heime etter treninga konstaterer eg nøgd at planen om å ikkje ta meg heilt ut på treninga funka. Eg tok omsyn til eit betent kne, såre skuldrer og at ein lang og hektisk arbeidsdag ventar i morgon tidleg. Slik må eg tenke no. Dette gir håp om at eg kan finne ein betre balanse etterkvart.
Sportsklokka fortset å gje meg tilbakemeldingar utover kvelden.
«Body Battery-verdien din har sunket med 2 poeng siden midt på dagen. Du har holdt energinivået på et godt nivå i dag. Du har energi til lette aktiviteter hvis du ønsker det.»
Ein liten time seinere …
«Body Battery-verdien har sunket med 7 poeng totalt siden midt på dagen. Energinivået ditt forble høyt i dag. Regelmessig trening er en god måte å få mer utholdenhet på over tid.»
Klokka er blitt ni på kvelden.
«Body Battery-verdien har sunket med 17 poeng totalt siden midt på dagen. Hvis du planlegger å trene, må du unngå å trene for tett opptil sengetid.»
Nei, ikkje meir trening i dag. No skal eg legge vekk PC og berre slappe av resten av kvelden.
Eg gir meg sjølv ein velfortent klapp på skuldra. Der kjem garantert fleire dagar der eg har brukt opp all energien ved dagens slutt, men i kveld skal eg nyte både restenergien og det faktum at eg klarte å balansere dagen på ein god måte.